Go Norsk Friluftsliv to main content
18. Nov 2025

Tysdagstur Glesnes rundt

Mer informasjon
Tysdagstur Glesnes rundt
IconSted
Øygarden
Icon Tid
Kl. 10.30 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Øygarden
Icon Kontaktperson

Det blir ein fin rundtur på Glesnes med start på Holmakaien kl 10.30. 

Turen går via Vollavegen og kryssar fylkesvegen før vi kjem inn på ein fin sti gjennom ein gamal skog. Vi går heilt ut til Gløpso om tilhøva er bra nok. Her får vi ein flott utsikt ut mot havet og ein gløtt langt ned for dei som ikkje har høgdeskrekk. 

På tilbaketuren kan vi velja fleire stiar og vegar. Vi følgjer turleiaren til Glesvær kafé der den tradisjonelle fiskesuppa ventar på oss.

Det kan vera både kaldt og glatt på den siste turen vår, så det handlar om vera rett kledd og skodd for ver og føre.

Icon Oppmøtested