Go Norsk Friluftsliv to main content
03. Mar 2026

Tysdagstur på Nordheia

Mer informasjon
Tysdagstur på Nordheia
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 14.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vi startar tysdagstursesongen 2026 med ein fellestur på Nordheia/Nordre Heia. Vi satsar på at stien er godt oppgått, slilk at dette vert ein hyggeleg fottur, gjerne med broddar/piggsko om føret tilseier det. Vi går til varden, så utover til Sunnfjordbenken. Avhengig av ver og føre kan vi forlenge turen. Dette er ein lett tur med samla omlag 260 høgdemeter, og flott utsikt oppe på høgda og ved Sunnfjordbenken. Rundturen er omlag 4 km. 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Vilkår for deltakelse på turer og aktivitet i regi av DNT - DNT

Icon Oppmøtested