Go Norsk Friluftsliv to main content
10. Mar 2026

Tysdagstur - på truger til Klungeren

Mer informasjon
Tysdagstur - på truger til Klungeren
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vinterturen til Klungeren 817 moh. er ein «klassikar» frå tida før skisenteret på Langeland, og IST har hatt fleire ski- og trugeturar (og broddeturar på frosne myrar) til Klungeren tidleg i sesongen dei siste 10-15 åra. 

Turleiar møter turfølgjet på P-plass ved Masdalsgjerdet nær enden av Fv 5682 i Sundsdalen. Første del av turen går over bru og flatt mot søraust på skogsveg langs Kvanndalselva. Så stig det jamnt på sørover myrane til skoggrensa, men aldri direkte bratt. Det går lenge «strake vegen» i lett terreng, men vi får ei viss kneik siste etappe til varden på toppen. Her er det ofte vindfullt og snøfritt/isete på berga. Vi returnerer same vegen etter trugespora. 

Turen er ganske lang, ca 4,5 km ein veg, men ikkje spesielt tung med mindre det blir mykje tung eller djup snø i front. Du må kunne kle deg varmt og vindtett, og du må ha nok med niste og varmt drikke i sekken. Sjå gjerne over reimar/binding på trugene før turen, og ta gjerne med gode broddar dersom det blir berande skare slik at vi like gjerne kan gå på broddar heile turen eller delar av turen. Hugs stavar med gode trinser dersom du likar å gå med stavar; - dei fleste gjer det. Samla turtid frå bil til bil er 4-5 timar litt avhengig av føret. Følg med på oppdatert info. heilt inntil turdato.

Har du ikkje truger sjølv? IST har til utlån!

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested