Go Norsk Friluftsliv to main content
24. Mar 2026

Tysdagstur til Eikefjordstøylen/Hovlandsstøylane

Mer informasjon
Tysdagstur til Eikefjordstøylen/Hovlandsstøylane
IconSted
Kinn
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vi køyrer til Eikefjord og parkerer på den store rasteplassen ved RV5. Så går vi nordaust, ein fin, noko bratt sti opp til Eikefjordstølen på 390 moh. Støylen ligg vakkert til på ei fjellhylle med flott utsyn ned mot bygda og vestover fjorden. So tek vi stien vestover mot Hovlandsstøylane på 443 moh. Herifrå er det fint å gå ut på Strandanipa, Nipevatnet eller heilt opp til Blåfjellet. So viss veret er fint og nokon vil gå meir, so kan ein planlegge for det. Vi tek matpausen innved Hovlandsstøylane og går grusvegen (ca 2,8 km) nedatt til RV 5 og rasteplassen. Turen er middels krevjande og ca 7 km.

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.

Icon Oppmøtested