Turen til Indrebøvarden startar inst i Angedalen. Vi parkerer på parkeringsplassen rett under Botnen-gardane, og går tilbake over elva og inn til høgre på grusveg til skiltet til Indrebøvarden viser seg. Der tek vi til venstre opp på sti opp skogen.
Turleiar er Kjell Arne Hjellbrekke.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.