Turen til Middagsfjellet i Jølster (1173 moh) startar ved Trinta (parkeringsplass i Gjestdalsdalen, 560 moh). Vi går på går på god sti oppover i bjørkelia og over ei stor myr. Over skogen går vi i fint høgfjellsterreng austover til varden på toppen. Turen er omtalt i Opptur Sunnfjord s. 150 (tur 35) og Opptur Indre Sunnfjord s 212 (tur 08-08).
Turleiar er Ingebjørg Erikstad
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.