Go Norsk Friluftsliv to main content
08. Sep 2026

Tysdagstur til Smålivatnet

Mer informasjon
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vi køyrer oppover Sundsdalen. Turen startar på Ullebostølen på veg mot Kvanndalen. Bør samkøyre frå krysset mot Sundsdalen, sidan det er få parkeringsplassar. Noko bratt rett etter støylen, men etter det slakk og fin stigning innover mot vatnet. Ein lett tur på knapt 300 høgdemeter, men med ei flott utsikt. Om ønskjeleg kan vi ta stien til Kvanndalen tilbake, og følgje vegen ned til Ullebostøylen.  

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested