Turen til Svistølen startar på Kvernhushaugane i Naustdal og går gjennom fin gammal skog høgt over RV 5, Det er fleire fine utsiktspunkt innover fjorden mot Førde på vegen innover til Svistølen, og ikkje minst når vi går retur over Heia. Då får vi ei flott utsikt vestover fjorden og fjella i ytre. Starten på turen (og slutten) går vi på god skogveg, elles gåt vi på god sti heile vegen. Det er mlag 255 høgdemeter stigning, og rundturen er vel 4 km lang. Dette vert vurdert som ein lett tur.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.