Vi køyrer til Grov og parkerer på parkeringsplassen til dagsturhytta i Florø. Turen startar på vestsida av Fv 614. Vi går på sti i open gammal furuskog på ein sørvendt rygg. Stien går sakte oppover frå 63 moh til 310 moh. Vi går 3 km ein veg. I enden av vegen har vi panoramautsikt over Florø by og øyane i vest. Turen er omtalt på UT.no.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart på Grov etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.