Go Norsk Friluftsliv to main content
04. juni 2025

Unge Vaksne: Uteklatring på Hornnes

Mer informasjon
Unge Vaksne: Uteklatring på Hornnes
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 17.00 - 21.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson
Indre Sunnfjord Turlag
indresunnfjord@dnt.no

DNT x Sunnfjord U40 inviterar til ein ettermiddag med utandørsklatring.

Har du ikkje klatra ute før? Det er inga hindring! Våre frivillige turleiar ynskjer å skape trygge rammer for å teste ein første gang, f.eks ved å klatre i topptau. Denne ettermiddagen er lågterskel og perfekt for deg som er litt nysgjerrig på om ein skal ta steget frå innandørs - utandørs.

God erfaring? Dette er ein fin anledning til å bli kjend med andre som har same interesse.

Alle som melder seg på aktiviteten må ha brattkort!

Om Klatrefeltet:

Miniførar Hornnes frå VTK 

Oppmøte: For å unngå for mange bilar på parkeringa vert det samkøyring frå festplassen i Førde kl.17.00

Utstyr:
Må ha: klatresele, skrukarabin, klatresko, taubrems & klatrehjelm
Om du har, ta med: Ekstra skrukarabin, slynge (60 eller 120 cm) & tau.
Ta med eige utstyr. Manglar du noko har turlaget ein del utstyr til utlån. Skriv ev kva du har/ manglar i kommentarfeltet.

Elles kan det vere fint å ha med seg mat og drikke.

Vi gjer merksam på at dette arrangementet er ein samling utan NF-sertifisert utandørsinstruktør, men med frivillige turleiarar som har mykje klatreerfaring inne og ute. Det betyr at ein i utgangspunktet sjølv er ansvarleg for velje aktivitet etter evne. 

Icon Oppmøtested