Go Norsk Friluftsliv to main content
31. mai 2025

Vårskitur over Folgefonna, frå nord til sør

Mer informasjon
Vårskitur over Folgefonna, frå nord til sør
IconSted
Ullensvang
Icon Tid
Icon Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Icon Kontaktperson

Vårskitur over Folgefonna er noko av det vakraste ein kan oppleva med ski på beina. Det spektakulære brelandskapet og utsikt over ei snødekt Hardangervidda og ut i det opne hav er noko vi kan freista med. Breen er delt i 3, nordre, midtre og sørleg del. Turen startar på nordre del og avsluttar sør på sørlege del, ein fantastisk tur i spektakulær natur. Det er ein lang tur som krev at deltakarane er i god form og har erfaring frå lengre skiturar.  

Turskildring
Laurdag:  Frå Skare tek vi minibuss til Jondal skisenter. Så startar turen med Jondal skisenter, her tek vi skitrekket opp og så går vi sørover mot Svartedalshorga og ned mot Heimsta Kvitnadalsvatnet (946 moh.). På denna delen av turen kan det verta ein del gåing, avhengig av kor mykje snø det er igjen. Vidare går turen i slak motbakke mot Hundsøyra kvar ein skimtar Holmaskjer turisthytta (1565 moh) 2 km lenger sør. Her tek vi av oss skia og kvilar til neste dag. Er vi heldige får vi ein fantastisk solnedgang og soloppgang for morgonfuglane. 

Sundag:  
Dagen startar tidleg med frukost og utvask av hytta før vi klargjer ski til ein lang etappe (10 km) over sørlege Folgefonna. Her vil ein få fantastisk utsikt over «Rosendalsalpane» og ein vil få koma opp på det høgste punktet på breen. Etter 10 km startar vi å gå slakt nedover og ut av breen. Når vi er komen av breen er det mykje nedover mot Espeland kvar vi avsluttar turen. 

Krav til deltakar: Dette er ein krevjande tur som krev god fysisk form og kondisjon, du må være vant til å gå lange dagsetappar på ski med en sekk på 10-15 kg. Turen er kategorisert som ein krevjande tur på kring 40 km totalt og i overkant av 800- 1400 høydemeter totalt, alt etter kor vi kan starte. Du skal gjera deg kjend med våre retningslinjer, vilkår og avbestillingsregler og vi oppfordrar alle om å ha reiseforsikring.

Når du melder deg på turen bekreftar du at du har lest og akseptert vilkåra https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/vilkar-for-turdeltakelse/ med DNT. Odda/Ullensvang turlag (OUT) er eit lokallag under BHT og vi forheld oss til BHT og DNT sine vilkår og informasjon i forhold til turer, aktiviteter og arrangementer i regi av OUT.

Alle må ta med god niste til turen opp lørdag samt drikke og det du ellers måtte trenge og ynskje. Det kan og være lurt å ta med nøtter og sjokolade som ekstra påfyll under dagsetappane.

Pris
Medlem: 1650 kr
Ikkje-medlem: 2650 kr
Prisen inkluderer transport fra oppmøteplass til Jondal skisenter, skitrekk, overnatting, middag laurdag, frukost og nista sundag. Matallergiar oppgjev ein ved påmelding.

Overnatting
Holmaskjer har 18 faste sengeplassar og er ei sjølvbetjent hytta. Her treng ein å ha med lakenpose eller sovepose. Hytta har 12 volts anlegg, her kan ein lada telefon med usb kabel. 

Oppmøte: 
Kjem meir info om oppmøte, oppmøte i Skare. 

Kart og rute:
Norge-serien "Folgefonna" 1: 50 000.

Eit bilete som inneheld kart, tekst, grunnpilar

Figur 1 Ruta, øvst i bilete er startpunkt, nedst er sluttpunkt

Utstyr:
?Dette må du ha med: Du må ha fjellski med stålkantar. På breen kan det være tøffe forhold og ein er avhengig av å ha gode kle og utstyr. Vind og vasstette ytterkle og sko samt boblejakke, lue, buff og hanskar eller vottar og ull er eit krav for å kunne bli med på turen. Lakenpose eller sovepose til overnatting. I tillegg anbefaler vi solkrem med høg faktor, solbriller samt drikkeflaske og gjerne termos om du vil ha varm drikke på turen. Ellers viser vi til DNT si pakkelista for vinterturar. Pakk lett og ikkje ta med unødvendige ting. 

Turleiar har med naudsynt tryggleiksutstyr!

Deltakarar:
12 deltakarar og 2 turleiarar

Vær og værforbehald:
Vi tar forbehold om vær og føre. Vi er helt avhengig av at været er med oss for å gjennomføre turen. Grunna tøffe vêrforhold på breen kan turen bli avlyst på kort varsel.

Informasjon:
Alle vil verta kontakta i god tid før tur for meir informasjon kring avreise og turen. Ta kontakt om du har spørsmål du lurar på.

Tryggleik:
Turane til OUT vert risikovurdert av turleiarane og er godkjent av styret. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak finnes det alltid en restrisiko ved å ferdes i norsk natur.

Turleiarar: 
Turen har turleiarar som guidar deg trygt og godt gjennom turen. Turleiarar på denne turen er Håvard Reinsnos Apold og Lars Ask.Turleiarane er frivillige og har lang og god erfaring med fellesturar i høgfjellet. Håvard er også hyttetilsyn på Holmaskjer. Han har god erfaring frå turar i fjellet og på breen, han er godt kjent i området og har mange turar bak seg på akkurat denne ruta. Lars er frivillig i turlaget, godkjent vinterturleiar og har mykje turar bak seg. 

Håvard Reinsnos Apold, tlf: 95497907
Lars Ask

Icon Oppmøtested