Vårskitur på Folgefonna frå Nordrepollen. Vi køyrer anleggsvegen mot Markjelke. Herifrå tar vi på fjellski og går via Pyttefloene, Hardingeskardet, Hundsøyra mot Holmaskjer. Holmaskjer-hytta ligg på eit skjer inne på Folgefonna, 1563 moh.
Skituren går i vekslande vestlandsterreng. vi har ein god pause i Hardingeskaret, kor vi kan nyta eit fantastisk utsyn over Maurangerfjorden.
Turen er 3 mil tur-retur og vi nyttar heile dagen til skitur. Heimturen går same vegen som vi gjekk opp og vi får nokre fine nedkøyringar. Det er ikkje ein klassisk topptur og vi tilrår fjellski med stålkantar og gjerne kortfeller.
For meir info ta kontakt med turleiar Sturla Helland, tlf. 970 24 320.
HOLMASKJER: