Go Norsk Friluftsliv to main content
30. May 2026

Vårskitur til Sauabrehytta, Folgefonna

Mer informasjon
Vårskitur til Sauabrehytta, Folgefonna
IconSted
Skare
Icon Tid
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Våren er den finaste tida for skiturar på Folgefonna. Vi legg opp til ein vårleg skitur til Sauabrehytta, som ligg vakkert til ved sørenden av Folgefonna. 

Sauabrehytta ligg flott til med eit fantastisk utsyn over sørenden av Folgefonna/Sauabreen, og er eit ideelt utgangspunkt for bre- og toppturar. 

Skituren frå Espeland ved Skare, Odda, er om lag 11 km og 1000 høgdemeter. 

Dato: 30.-31.mai  (Merk at datoen er endra frå 2.mai som står i turfaldaren Ta Turen)

Oppmøtestad: vert avtalt med turleiarane.

Transport: i eigne bilar, vert avtalt med turleiarane. Samkøyring er evtl. mogleg. 

Krav til deltakar: må vera i god form, ha gode skiferdigheiter og ha erfaring med å gå med sekk.

Gradering: Krevjande skitur. 

Pris: Medlemmer kr. 600,-, ikkje-medlemmer kr. 900,-. Prisen inkluderer turleiing, felles sikringsutstyr, overnatting og felles måltid. Deltakarane må ha med rikeleg med niste til begge dagane. Vi lagar felles middag på kvelden. Turleiarane ordner innkjøp, men deltakarane må hjelpe til med bæring og tilberedning på hytta. 

Utstyr: Krav om ski, fjellski, med stålkantar og skifeller. Elles som for skitur om vinteren. Her finn du tips til pakking av sekk https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-vinterturen/

For meir informasjon, ta kontakt med ein av turleiarane:

Solveig Haugland, tlf. 47266929

Veslemøy Haugland, tlf. 41296390

Meir informasjon om hytta: https://ut.no/kart/hytte/10159/sauabrehytta#6.86/56.098/6.061

Icon Oppmøtested