Go Norsk Friluftsliv to main content
31. May 2026

Øyane Over 2026

Mer informasjon
Øyane Over 2026
IconSted
Icon Tid
Kl. 07.00 - 19.00
Icon Arrangør
Flora Turlag
Icon Kontaktperson
Astrid Breiland Eliassen / Arnfrid Bergheim
415+49+299+/+481+23+163
astrid.eliassen@heimtun.org

Årets vakraste eventyr skjer søndag 31. mai 2025 !

Turen "Øyane Over" er ein klassikar på turprogrammet, og står fram som vår hovudtur i sommarsesongen - ” Vårens vakraste eventyr" sette Turlaget som motto for denne turen. Turen tek deg med på kystkultur tur til øyane Hovden, Batalden, Skorpa og Kinn i skjergarden utanfor Florø. I år planlegg vi turen søndag 31. mai saman med Indre Sunnfjord turlag!

Turleiarane har raude DNT vestar.

Turleiarar: 

Nyttig informasjon om turen: 

  • Turen tek 12 timar. Det er avgang med båt kl 07.00 frå Fugleskjærskaia i Florø. Retur i Florø kl 19.00.
  • Det er bindande påmelding til turen, seinast fredaga kl 18.00 digitalt her på nettstaden om det fortsatt ledige plasser.
  • Påmelding opnar 1 april 2026.
  • Billett er band til handleddet som viser kva båt ein skal på - alle går på same båt heile turen.
  • Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit visst tempo på turane over toppane. 
  • Ein kan ikkje ta med hund.
  • Hugs å ta med rikeleg med drikke og niste. Du kan ha ekstra vatn og mat, samt klede liggande ombord i båten.
  • Gode tursko som tåler vatn er eit godt val.
  • Pris kr 800,- for medlemmer og kr 900,- for ikkje medlemmer. Ungdom 12 til 25 år med studentbevis kr 670,-
  • Når vi har 60 personer påmeldt, set vi opp båt nr 2.  Vi tar imot påmelding så lenge det er plass - totalt 105 turdeltakare
  • Det kan bli samordna køyring frå Festplassen v/Laksen i Førde klokka 06 00 til Florø.   Gje beskjed ved påmelding om du vil bli med på fellestransport og har bil eller treng transport

Har du spørsmål om turen? Ta kontakt med Astrid Breiland Eliassen på 415 49 299 / Arnfrid Bergheim på 481 23 163.

Rutebeskriving:

Hovden

Båt går frå Fugleskjærskaia kl 07.00 - presis
I Hovdevågen vert det gitt ei orientering om turen. Turen går over Hovden (6,2 km), via Vemannsrøysa, 239 moh eller langs sjøen på delvis asfaltert og grusa bilveg (7 km) til Barekstad der vi går via ytre Hovdevåg. Turen langs sjøen vil vere ein roleg og fin start på dagen, medan turen over øya er litt tyngre. Båten går frå rutebåtkaia i Barekstad kl. 10.00 til Batalden – et gjerne litt før du tek båten frå Barekstad. Det vert høve til å kjøpe kaffe, kaker og saft - Grendalaget stiller opp.

Batalden 

Til Batalden kjem vi omlag kl. 10.15. Her kan du anten gå til topps på Store Batalden (bratt oppstigning 492 moh, 4 km t/r), rusle i fjæra eller bli med på turen bort til dei gamle hustuftene på Stokksneset (6 moh, 4 km t/r). I ei av buene på kaia er det ei utstilling om sildetida. Mange vel å ta hovudmatpausa på Batalden. Dei mest vågale badar. Kunstutstilling i kjellaren på hovedhuset. For å nå ned att til båtavgangen kl 13.00 må alle ha starta på returen frå toppen innan kl. 12.00. 

Skorpa

Kl 13.00 går båten vidare til Skorpa. Båten set oss i land på berget nordvest på øya ved Grisevika og hentar oss på rutebåtkaia i Skorpevågen på sørsida. Her kan du velje å ta turen over Blåkollen (tung tur 392 moh, 6 km) eller gå nede i lavlandet attmed sjøsida. Nede får du to val – ein kort (4 km) eller ein litt lengre (7 km) ut til Båsundet i terrenget og bilvegen til rutebåtkaia i Skorpevågen. 


Kinn

Turen går vidare til Kinn omlag kl. 16.00 frå Skorpa. Dei fleste går til Kinnakyrkja (2,5 km t/r). Frå kyrkja kan vi anten snu, gå vidare gjennom Høyskaret og rundt øya (5,5 km) eller opp og ned gjennom sjølve Kinnaklova og rundt øya tilbake til kaia (6,5 km). Siste retur frå Kinn kl. 18.30 tilbake til Fugleskjærskaia i Florø til kl. 19.00. Båten vi nyttar skal inn i ordinær rutetrafikk. 

For å vere sikre på at alle er med har vi opptelling ved ombordstigning,  Ved landligge bør du ikkje opphalde deg i båten. Alle må vere merksame på avgangs tidspunkt for båten.


Om turen

Går du alle toppane på øyane vert det omlag 1400 høgdemeter og 25 km totalt. Første turen gjekk 22. mai 1977 og var Flora Turlag sitt svar på Bergen og Hordaland Turlag sin 7-fjellstur og ein går fortsatt over dei same øyane Hovden, Store Batalden, Skorpa og Kinn.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over er dei som er beskrevne ovanfor. Vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear. Dersom vêret eller andre forhold tilseie det, kan turleiarane korte ned på turane og gjere ruteendringar. 

Ved dårlig vær eller under 40 påmeldte, kan turen bli avlyst. Det går da ut mail til påmeldte kl 18.00 fredag kveld  - har påmeldingsfrist då(grunna bestilling av båt), men det er mulig å melde seg på etter om det ledig plass


#helgetur

Icon Oppmøtested