Go Norsk Friluftsliv to main content
07. Jun 2026

7-Fjellsturen Sotra 2026

Mer informasjon
7-Fjellsturen Sotra 2026
IconSted
Øygarden
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
DNT Øygarden
Icon Kontaktperson

Bli med på vår tradisjonelle 7-fjellstur! Turen går i variert terreng. Den er 22 km lang og har 1193 meter høgdestigning. Dette er dei sju fjella: 

  1. 1. Høgafjellet 
  2. 2. Liatårnet 
  3. 3. Pyttane 
  4. 4. Vardafjellet 
  5. 5. Bildøyfjellet 
  6. 6. Knappskogfjellet 
  7. 7. Spjeldsfjellet 

Oppmøte og parkering:  

Turen startar klokka 09:00 ved parkering på Haganes. Oppmøte i god tid før turstart for orientering frå turleiarane. Parkeringsplass på høgre sida av vegen før ankomst til sjølve Haganes. Vær OBS på at det berre er nokre få parkeringsplassar. Me tilrår samkøyring. 

Om turen: 

Det er ein krevjande tur som tek omlag 8-9 timar. Deltakarane går i samla tropp heile vegen saman med turleiarane og det er ingen tidtaking på turen. Vurder nøye på førehand om du har kapasitet til å gå heile turen. Dersom ein må avbryte turen skal turleiar varslast. 

Deltakarane må sjølv organisere transport frå Spjeld etter turen. 

Turleiarar:

  • Magnar Angeltveit, tlf 90794404
  • José del Pino, tlf 95998429
  • Heidi Reisegg Endal, tlf 91855562 

Ta med:

  • Rikeleg med mat og drikke. Ein reknar minst ei brødskive per time på tur
  • Litt snacks for påfyll av energi undervegs 
  • Enkelt førstehjelpsutstyr til deg sjølv 
  • Lett klesskift
  • Klede etter været. Hugs at det kan blåse kaldt på toppane, så ta gjerne me hue og vottar 

Påmelding: 

For å kunne sende ut informasjon til deltakarane ynskjer me at alle melder seg på. Det er gratis å delta både for medlem og ikkje-medlem, men me ynskjer at flest mogleg støttar oss med eit DNT-medlemskap. Les meir om medlemskap her:  Medlemskap DNT

Les vilkåra for deltaking på tur i regi av DNT Øygarden Vilkår turdeltaking

Les også praktisk informasjon om tur: Praktisk informasjon


Icon Oppmøtested