Vi starter turen frå Nærbø torg og går gjennom jernbaneundergangen. Her går turen forbi ein del av den gamle bebyggelsen på Nærbø og fram til Nærbøparken. Vi svinger innom parken før vi går Hestebakken opp og forbi Nærbø kyrkje. Vi er nå litt opp i høyden og har god utsikt over Nærbø og Jæren.
Etter ei tid svinger vi ned i Dalen (Dalabekk) og følgjer stien langs bekken og ut mot Kviavegen. I Dalen har kommunen anlagt ein frisbee bane.
Vi følgjer Kviavegen eit stykke og tek av mot Jærmuseet. Derfra går returen tilbake til Nærbø langs Bekkastien. Turen er rundt 6 km. Dette er ein enkel tur.
Oppmøte: Torget ved Nærbø jernbanestasjon kl 17.30
Turleiar: Steinar Undheim, mob. 905 41 357
Anne Reidun Garpestad, mobil 958 19 098
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 næturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem