Har du eit ynskje om å prøve brevandring og oppleve blåisen på nært hald?
Folk kjem frå heile verda for å sjå breane våre, men mange av oss som bur her midt i Brenoreg har aldri opplevd dei på nært hald. Indre Sunnfjord Turlag vil ta deg med inn i dette landskapet av frose vatn til leik i blåisen. Det vil bli utfordringar og opplevingar for alle uansett fysisk form og mot.
Laurdag 5.september møtes vi ved Høyset i Stardalen kl.10.00, legg opp til samkøyring frå Førde/Skei etter kvar detakarane kjem frå. Vi prøver å fylle bilane mest mogleg for samkøyring opp i Haugadalen og kvar bil deler på utgifter til samkøyring.
Frå Haugadalen er vi ved foten av Haugabreen etter ein god times gange. Når vi har fått på oss stegjern og breselar knyt vi oss inn i tau. Turlaget (instruktør) har breutstyr til alle.
Etter ein ny halvtime er vi ved brefallet der sprekker og eggar tek form.I dette eventyrlandskapet legg vi opp til litt forskjellige aktivitetar. Nokre vil kanskje prøve å kome gjennom labyrinten mot breplatået. Andre kan få prøve å klatre med klatreøkser i isveggane. Det vil bli forskjellige vanskegrader i klatringa - frå lett til vanskeleg. Klatrerane vert sikra med topptau. Er det nokon som berre vil vere i blåisen utan å finne på noko spesielt, så er det også eit alternativ. Vi brukar dagen dersom veret er bra og er nok ikkje nede igjen på parkeringa før ca. kl.17-18.
Kva må du ha med?
Det kan verte kaldt på breen, så ha gode varme klede, hanskar (eit tynt par à la arbeidshanskar og varme hanskar/vottar i tillegg), hue, stillongs og gjerne ei ekstra varm jakke til å ta på i pausar. Det er viktig med stive, høge fjellsko for å få stegjerna til å sitte godt på. I tillegg til ekstra klede bør du ha med mat og drikke til to måltid.
Ha ekstra plass i sekken til å bære breutstyret som du får låne (hjelm, stegjern, klatresele og isøks)
Dette er ein tur som krev godt vêr, men det treng ikkje vere strålande sol. Vi tek difor førehald om avlysing.
Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.