DNT Ung inviterer til ein kjekk vårtur på fjellski. Dette er ein lavterskeltur for alle i alderen 13- 25 år. Du treng ikkje vere god på fjellski eller vinterfriluftsliv for å bli med, her er det berre å melde seg på!
DNT dekker gratis overnatting :) Me skal ha ein skikkelig kosetur i det fine april veret.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Middels (blå): 400 høgdemeter, 6 kilometer og 2,5- 3 timer (kvar veg).
Turomtale:
DAG 1:
Me møtast på togstasjonen klokka 11.45 laurdag 11. april, og fordeler mat og anna felles utstyr. Me vil laga felles middag og frukost, så gje beskjed om du har nokon allergiar me må ta hensyn til. Toget går kl. 12.04 frå Voss stasjon, og me er framme på Upsete kl.13.51.
Då er forhåpentligvis alle klare med feller på skia og ferdig pakka sekk, og me starter å gå mot Kaldavasshytta. Me følgjer vinterruta til Kaldevass og brukar ca. 2,5- 3 timar, og legg inn eit lunsjstopp undervegs. Framme på hytta byggjer me kanksje eit lite hopp, og dei som ynskjer kan gå ein ekstra liten skitur eller slappe av. Me lagar middag utover ettermiddagen. På kvelden vert det brettspel og sosialt, før me legg oss for ei god natts søvn.
DAG 2:
Me står opp og lager felles frukost og tar ein roleg morgon. Etter frukost tek me utvask av hytta, og pakkar sakene våre. Me går frå hytta i god tid til å rekke toget, og går same rute som me gjekk dagen før. Me kan enten ta toget som går kl. 13.18 eller eit som går kl. 16.01, dette kan dekan vere med å bestemme. Begge deler rekker me fint.
Krav til deltakarar:
Treng ikkje så mykje vinterturerfaring frå før, men må stilla med utstyr sjølv og vere vand med å bere tung sekk og gå på ski.
Dersom dykk manglar noko utstyr kan dekan låne hjå skattekammeret, eller famile/venar om dei har noko.
Utstyr:
- Fjellski, feller (gjerne både langfeller og kortfeller), stavar med store trinser.
- Lunsj x 2, snacks og vatn (evt. termos til varm drikka)
- Lakenpose
- Ullstilongs og ulltrøye (eller lignande) x2, ullsokkar x2, vottar/ hanskar x2, lua, buff/ hals, vindtett/ vasstett jakke og bukse, boblejakke/ fleece/ ullgenser, gamasjar, solbriller, skigoogles (pakk kler vatntett i sekken i pakkposar eller søppelsekkar).
- Toalettsaker (hugs solkrem)
- Sekk med ekstra plass til fellesmat/ utstyr.
Frammøte:
Voss stasjon kl. 11:45 laurdag 11 april.
Transport:
Tog tur/ retur frå Voss stasjon til Upsete stasjon.
Pris:
Medlem: 100 kr (felles middag og frukost)
Ikkje- medlem: 150 kr (felles middag og frukost)
NB: Togbilettar må dykk bestilla og betala sjølv.
Merknad:
Sidan me skal rekka eit tog MÅ alle vere på plass på togstasjonen til klokka er 11.45 på laurdag!
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Turleiarar DNT Ung:
Ingeborg Farestveit, ingeborgfarestveit@gmail.com, 91 13 59 04
Matilde Bakke Skår, mabask08@icloud.com, 94 11 32 34
Turleiar med ansvar for sikkerheit:
Laura Boven (vinterturleiar), laura.boven@hotmail.com, 98 46 04 73
Lene Marie Husvik
Gabriela Cerna