Go Norsk Friluftsliv to main content
09. May 2026

DNT Unge Vaksne: Overnattingstur til Hardangerjøkulen

Mer informasjon
DNT Unge Vaksne: Overnattingstur til Hardangerjøkulen
IconSted
Vossevangen
Icon Tid
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Bli med DNT Unge Vaksne og opplev ein av Noregs største isbrear, Hardangerjøkulen! 

Den kvista jøkulrunden er den mest populære ruta på breen og byr på spektakulær natur, lange nedkøyringar og ein fantastisk utsikt over store delar av Sør-Norge. 

Gradering / vanskelegheitsgrad:

Raud (krevjande): 23 kilometer og omlag 700 høgdemeter. Heile rundturen tar vanlegvis mellom 6 og 9 timar, avhengig av føre og tempo. Turen reknast som krevjande, men er oppnåeleg for dei fleste.

Turomtale: 

Laurdag:

Oppmøte utanfor Voss stasjon kl. 09:00. Toget går frå Voss kl. 09:20 og er framme på Finse kl. 10:30. Hugs å kjøpa togbillett. 

Turen startar på Finse, som ligg på 1222 meter over havet. Herifrå fylgjer ein kvistinga over Finsevatnet, opp mot Jøkulhytta og breplatået. Etter ei stigning på rundt 700 høgdemeter når ein høgaste punkt, kor ein får utsikt til store delar av Sør-Norge. Nedkøyringa går i retning Rembedalsvatnet før ein returnerer til Finse.  Du kan lesa meir om ruta og sjå kart her.

Treretters middag på Finsehytta på kvelden.

Sundag: 

Me spis frukost og lagar niste samans. Me sjekkar ut etter frukost. 

Det blir mogleg å bli med på ein kortare tur eller bare kose seg ute i sola. 

Me tek toget tilbake til Voss kl. 16:35 (mogleg å dra før om ynskelig). Toget frå Finse er på Voss stasjon kl. 17:51.   

Krav til deltakarar: 

Du må vere i god form og ha gode skiferdigheiter. 

Utstyr: 

- Fjellski med feller

- Lakenpose eller sengetøy

- Sekk med ekstra plass til fellesutstyr

- DNTs pakkeliste for dagstur vinter

Frammøte: 

Voss stasjon laurdag den 9 mai kl. 09:00 

Transport:  

Tog frå Voss stasjon til Finse tur/ retur. Du må sjølv bestilla og betala togbillett tur/retur Voss stasjon- Finse stasjon. 

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.   

Pris: 

Inkluderer overnatting på Finsehytta (enkel standard, uten bad, med køyeseng), 3 retters middag laurdag, og frukost m/ matpakke og påfylling av termossundag. 

Medlem (under 26 år) 945 kr.

Ikkje- medlem (under 26 år) 1095 kr. 

Medlem (frå 26 år) 1095 kr. 

Ikkje- medlem (frå 26 år) 1430 kr. 

+ Du må sjølv bestilla og betala togbillett tur/retur Voss stasjon- Finse stasjon. 

Turleiarar: 

Randi Nordihus, randinordihus@gmail.com, 47 65 36 80

Ragnhild Lid

Icon Oppmøtested