Go Norsk Friluftsliv to main content
11. aug. 2025

Familietur til Galdhøpiggen

Mer informasjon
Familietur til Galdhøpiggen
IconSted
Bøverdalen
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Vi gjentek suksessen med familietur til Galdhøpiggen. 

11. august inviterar DNT Gudbrandsdalen barnefamiliar frå heile Gudbrandsdalen til fellestur på Noregs tak. For mange born er det ekstra motiverande å gå tur saman med andre på same aldre. 


Turen startar frå Juvasshytta, 1840 moh Frå her er det er 5,5 km og 630 høgdemeter til toppen. Fyrste etappe går om lag 1,5 time i steinur og slakt terreng inn til Styggebreen. Etter ei matpause ved brekanten bitt vi oss i taulag, og brukar om lag ein time over isbreen. Siste og tyngste etappe går opp "Piggeura" som ikkje er så lang, men noko brattare. 


Totalt reknar vi om lag 7 timar på turen, og det er medrekna gode pauser undervegs. Lokalkjente guidar frå Fyrst og fremst fortel gjerne om det vi har rundt oss, historia, landskapet og utviklinga av området sidan fjellturismen starta opp fyrst på 1800-talet.


For å delta på turen må dei yngste borna vera klare til å starte på skulen denne hausten. Vi anbefaler ikkje å gå noko tidlegare enn dette, både med tanke på motivasjon og at barna forstår kva dei er med på. Ventar ein til barna er klare for det, så vil dei ha meir ut av turen, overskot undervegs og i større grad kunne setja pris på opplevinga. 

 

Av sikkerheitsmessige årsakar går vi ikkje til Galdhøpiggen med barn som må berast over isbreen (t.d. i bæremeis). 


Dato: 11. august 2025

Oppmøte: Juvasshytta klokka 09.00

Buss: Buss frå Lom sentrum 07.45 som er på Juvasshytta 08.40Retur med buss til Lom klokka 15.45 eller 17.15. 

Bil: Bomveg ved Raubergstueln kr. 150.

Utstyr: Du får nødvendig utstyr for å krysse bre ved start av turen. 


Påmeldingsfrist: 1. august

Lengde: Totalt 11 km km og 630 høgdemeter

Varigheit: 7-8 timar

Nivå: Passer for barnefamiliar med barn fødd 2019 eller eldre. Alle barn under 13 år må være i følgje med ein vaksen. 

Turleiar: Fyrst og Fremst v/Iver Lund Aakre i samarbeid med Unge Naturtalent frå DNT Gudbrandsdalen


Pris: 

Vaksen: 150 kr 

Ungdom 13 - 25 år: 100 kr. GRATIS om du er medlem i DNT!

Barn under 13 år: 100 kr. GRATIS om du er medlem i DNT!

Spørsmål? send sms til Anita på tlf 99712677


Turen er åpen for alle, men vær eller bli gjerne medlem i DNT Gudbrandsdalen: https://www.dnt.no/medlem/

Da bidreg du til at vi kan arrangere enda fleire turar og aktivitetar heile året. 

Gratis plass: Har du og din familie behov for gratis plass og buss frå Lom? Vi har gratis plasser. Send mail til anita.haugen@dnt.no, så ordnar vi det. Du treng ingen søknad eller dokumentasjon.


Pakkeliste: 

Forslag til dagstursekk (ca 25-35 liter) og bekledning:

  • Gode fjellsko, gjerne med stiv såle og støtte rundt ankel (NB: gummistøvlar, cherrox og joggesko er ikkje å anbefale)

  • Ullundertøy innerst

  • Vann og vindtett jakke og bukse

  • Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane

  • Varme vottar/hanskar og lue

  • Godt fottøy (ikkje joggesko, menn fjellsko)

  • Solbriller og solkrem

  • Varm / kald drikke

  • Solid nistepakke

  • Teip og gnagsårplaster

Icon Oppmøtested