Go Norsk Friluftsliv to main content
20. Sep 2026

Fottur i Tråveklanten - tur til Vindhellavegen

Mer informasjon
Fottur i Tråveklanten - tur til Vindhellavegen
IconSted
Lærdal
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Sogndal Turlag
Icon Kontaktperson

Turomtale


Kartet viser turvegane i Tråveklanten der hovudvegane er Vindhellavegen og Sverrestien på kvar side av «toppen» Klanten 593 moh. Turen startar ved Rimskjold (315 moh), parkeringsplass. Rimskjold er tidlegare ungdomshus frå 1930-åra. 

Planen er å gå opp Sverrestien til stikrysset Annastien/Sverrestien. Herifrå Annastien til nytt stikryss Annastien/Tråveklanten, gul sti tilbake til Sverrestien. Deretter Sverrestien nordover på oversida av Stavkyrkja. Retur ti Rimskjold (parkeringa) via Kyrkjevegen og ned Vindhellavegen. 

Gåtid estimert til ca. 3 timar. I tillegg kjem stopp/pause undervegs for å nyte natur og utsyn, samt orientering om historia i området. Med matpause og stopp undervegs kjem turen truleg opp på 6 timar. 

Dette er ein relativt lett tur på gode turvegar, stigning ca. 300 m. 

På turen er det høve til å omvising i stavkyrkja (betaling) enten undervegs eller etter avslutta gåtur. Då må ein køyre opp til Stavkyrkjesenteret der det er kafe og informasjon.

Påmelding 

Send melding til turleiar Anne Britt Reppen seinast fredag kl. 20.

Oppmøte

Oppmøte for samkjøring ved Sogndal Skysstasjon kl. 9.00 eller ved Parkering for Vinnhellavegen kl. 10.00


Turleiar

Turleiar: Anne Britt Reppen Halset (90983861)

Kjentmann: Åge Årdal (951 43 872)

Icon Oppmøtested