Sundag 7.september inviterar Indre Sunnfjord Turlag & Balestrand- og Høyanger turlag til fellestur på Keipen 1427 moh (Esefjorden).
Det er frammøte i Esebotn med avgang derifrå kl 09.30.
Keipen er Sogn sitt svar på Trolltunga. Inst i Esefjorden ser ein rett opp på den særmerkte toppen. Dei siste åra har det blitt utført ei stor oppgradering av stien ved hjelp av sherpaer og ivrige turfolk frå Balestrand. Vi går oppover til 650 moh, der stien deler seg. Her følgjer vi den nye sherpa-stien opp ura til Gulleple på 1100 moh med pause og flott utsikt over Sognefjorden.
Terrenget slakkar litt av no før siste kneika opp. Deretter over to snødekte parti ut på Keipen med vidstrakt utsikt over Sognefjorden og bygdene rundt og fjella på Gaularfjellet.
Det er lurt å ha med stavar til returen, samt litt godt med kle.Turen har ei lengd på 13 km, med 1427 høgdemeter og varer 8-10 timar.
#helgetur