Go Norsk Friluftsliv to main content
06. May 2026

Friluftsliv for alle

Mer informasjon
Friluftsliv for alle
IconSted
Haugesund
Icon Tid
Kl. 17.00 - 19.00
Icon Arrangør
Haugesund Turistforening
Icon Kontaktperson

Dette er eit inkluderande friluftsarrangement som er ope for alle, men spesielt tilrettelagt for menneske med ulike funksjonsvariasjonar. Me legg vekt på aktivitetar som gir naturopplevingar og sosialt fellesskap.


Aktivitetar kan vere:

Turer i skogen

Kano og båtliv

Fiske med garn

Vedarbeid

Natursti og orientering

Lommelykttur

Matlaging på bål

Me avsluttar alltid samlingane med sosialt samvær og god mat rundt bålet.


Tid og stad:

Oppmøte kl. 17.00 ved gapahuken ved Friluftshuset i Djupadalen.

Det er skilta frå Stemmen og opp til gapahuken.

Arrangementet er gratis, og alle er hjarteleg velkomne!


Tilrettelegging:

Turane er tilrettelagde for personar med nedsett rørsleevne.


Spesielle dagar med ekstra aktivitetar:

Klikk deg inn på de ulike arrangementene under, då det er påmelding på disse aktivitetene (gratis).

Onsdag 3. juni: Seiling på Fosen. Oppmøte kl. 16:30 ved Haugesund Seilforening sine lokale på Lindøy.

Onsdag 17. juni: Sommaravslutning på Vibrandsøy! Oppmøte kl. 16:30 på kaien i Haugesund.

Søndag 6. september: Friluftslivets dag! Bli med på aktivitetar i Djupadalen.

Onsdag 2. desember: Juleavslutning med graut.

Følg med på informasjon om dei ulike arrangementa – det kan kome spesielle aktivitetar for kvar dag.


Last ned programbrosjyren for 2026 her!


Spørsmål?

Kontakt Njål Hetland: tlf. 473 75 530

Icon Oppmøtested