Spektakulær tur utover langs Jøsenfjorden frå fjell til fjord. Eit slags «benkeforslag». Turen går langs fjellkanten med vakker sikt ned i Jøsenfjorden og Førrejuvet.
Fredag:
Me møter på Hauga og overnattar i telt / bilar på Rycamp ved fjorden. Du velger sjølv korleis du vil innrette deg for natta, kanskje er open himmel eit godt val? Me vil vere på plass frå 1800, du møter oss der i løpet av kvelden
Laurdag:
Frukost i det fri. Me lar sengene stå igjen og pakkar ein dagstursekk. Me blir henta med buss om morgonen kl 0700, som tek oss opp til Førrevassdammen. Der startar turen som til kvelden endar i vakre Hauga i Jøsenfjorden.
Me har to alternativ, alt etter turleiaren sine innfall:
1:Kvitserkbenken frå Førrevassdammen.
2:Kvitserkheia, langs og rett over benken. (Meir spektakulært)
Vidare til hytta under berget øvst i Grasdalen før me svingar ned på Orrabenken. Er me heldige får me oss eit bad i eitt av dei flotte vatna her. Så ber det ut om Gjeitajuvet og fylgjer eit nøddastrekkje opp på heia til Nystølgjuvet. Mot Skuteheia, kan me ta avstikkarar til juvet ned mot Urdaneset, Skogsjuvet. Frå varden på Skute ser me ned til Segadal som me kjem til etter å ha gått ned lia. Kanskje blir det ein avstikkar til Sanibbene og. Til slutt er det fin sti utover frå Segadal til Hauga
Vel framme kroar me oss i legene våre, til neste dag.
Turen er om lag 25 km og 1900 høgdemeter, me brukar heile dagen
Sundag:
Ny frisk morgon og me gjer oss klar for ein litt kortare tur. Telt og senger pakkast ned, så me er klare for heimreise etter tur. Turen går frå Vadla til Dale, og vidare opp til Ramsfjellgardane. Derifrå ned til Indre Eidane - der me har plassert ein bil eller to.
Om lag 12 km
Krav: Godt ver. Turen gir lita glede i ruskever og kan verta avlyst eller flytta, på kort varsel.
Planleggingsmøte:
Tirsdag 21. juli på Teams
Turledere:
Olav Martin Bråtveit (41638545), Åse Sellereite (90913753)
Prisen dekker:
Administrasjon og turleiing, busstransport til Hauga laurdag. Ingen måltid inkludert, deltakaren må ha med nok mat til heile helga. Kostnad for privatkjøring er kr 3,5/km pluss eventuelle ferjer og bomavgift som deles på alle inkludert sjåføren.
Vanskelighetsgrad og krav til deltaker:
Svært krevande. Der er bratte parti og ulendt terreng. Klyving kan vere nødvendig. Overnatting i telt eller bil. Dei som melder seg på må kunna visa til tidlegare 12 timars dagstur på om lag 25 km og 1900 høgdemeter.. Det er mulig å leige friluftsutstyr på Frilager.no for en rimeleg penge. Det er mulig å leige friluftsutstyr på Frilager.no for en rimeleg penge.
Pakkeliste:
Liggeunderlag og sovepose, telt eller tarp om du vil ha tak over hovudet, kokeutstyr, koppar og kar for overnatting ute. Ingen måltid inkludert, deltakaren må ha med nok mat til heile helga.. Inspirasjon.
Vilkår for deltakelse på fellesturer:
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.
Utstyr og kart:
Trenger du utstyr eller kart til turen, anbefaler vi deg å stikke innom vårt tursenter.
Medlemskap i DNT
Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.
UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger
Følg oss på Facebook
Stavanger Turistforening Fjellsportgruppa