Go Norsk Friluftsliv to main content
03. sep. 2025

Hammeren

Mer informasjon
Hammeren
IconSted
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.30
Icon Arrangør
Jæren turlag
Icon Kontaktperson

Hammeren er eit delvis ukjent naturområde midt i Ålgård og rett ved sida av E 39. Det er eit lite fjellparti som er lett å koma opp på og er prega av varierande vegetasjon. Om sommaren er det ein rein idyll som kan minna om ein park. Turen kan definerast som ein sentrumstur og går på begge sider av Figgjoelva. Etter Hammeren går turen innom Solbakkane ved Høljaberget, rundt Kongeparken, via jernbanelina på gamle Opstad og tilbake via Gådå. Turen er merka med røde T-er og blå påler, men kun i retning mot sola. Turen er ein rundtur på 7,9 km.

Oppmøte: Bak Ålgård Amfi ved Togstallen. Turen starter kl 1730

Turleiar: Ragnar Egeland, mobil 995 96 611

               Berit Egeland

Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Icon Oppmøtested