Turen starter ved Klepp kyrkje, og går innom to av dei høgaste punkta i Klepp kommune: Kleppevarden og Hålandsfjellet. Før vi kjem hit, har vi gått gjennom Skjelbreidskogen. Turen er 5,6 km og ein må rekna å bruka 2 timar. Turen passer for alle.
NB: hugs refleksvest og lykt
Oppmøte:
Parkeringsplassen ved Klepp kyrkje. Turen starter her kl 1730.
Turleiar:
Kirsten Olafsrud Vestvik, mob. 488 94 736
Berit Orre, mobil 932 17 255
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem