I samband med kulturnatta vert det kulturhistorisk vandring frå Førdehuset via gamle prestegarden og over Toene til kyrkja og tilbake til Førdehuset. Vi vil dette året ha særskilt fokus på det gamle prestegardshuset som ligg mellom Førdehuset og ungdomsskulen. Kjell Olav Reikvam og Karen Hornnes frå Førde historielag leiar vandringa.
Vandringa er eit samarbeid mellom Førde historielag og Indre Sunnfjord turlag, og tek omlag ein time.
Oppmøte ved hovudinngangen til Førdehuset.