Turen startar frå Gjerde i Oldedalen. Herfrå går ein på merka sti til Sundssetra og vidare til Myrsnipa i Sundsdalen, der tek vi ein god pause og nyt usikta og her er det siste moglegheit for påfyll av vatn. Vidare går vi mot Neslenibba på delvis sti.
På toppen er det flott utsikt mot Oldedalen og Jostedalsbreen og mot Olden og Nordfjorden. På tur ned er det mogleg å gå via Sundsnibba/Kjenuken fra Myrsnipa.
Gangtid opp er ca. 3 timar.
Oppmøte ved Strynehallen 08.45, ved Olden skule 09.00.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.
