Lang flott tur, der ein får oppleva da finaste Vikafjellet har å by på. Frå klantane har ein flott utsikt mot Sognefjorden og på fossfjellet er ein på taket av Vikafjellet. Flott utsikt i alle retninga
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (raud) tur. Turen er på omlag 18 km, 800 høgdemeter, 6 -7 timar. .
Turomtale
Starten går frå parkeringa ved ovrisvatnet. Går fyrst øve ovrisvatnet og innpå vegen som ein fyl opp til svingen på toppen. Vidare øve Vossavatnet og opp idlebakken, her blir da ein kort bratt kneik som kan bli litt tung. Vidare blir jamn stigning oppøve til Tirshaugen, der ein får flott utsikt ned mot Årebotnvatnet og mot Sogn.Vidare blir da småkupert mot Klantane, på Klantane står da mykje oppreiste steina og varda og er eit flott utsiktpunkt. Neste etappe blit ein slak travers mot 1367 (moh) vatnet og eit lite fint unnarenn før ein går småkupert vidare til 1284 (moh) vatnet. Stigninga vidare til Fossfjellet er på 1 km og 113 h.m. På toppen får ein flott panorama utsikt øve heile Vikafjellet. Litt småkupert vidare før da kjem eit flott unnarenn til 1169 (moh) vatnet. Neste punkt er da mest utsatte på turen, her ein må ein gjennom utløpet av vatnet. Smal pasasje på ein 10 m før ein må skri rett ut høgre, her blir da å halda litt avstand og unngå unødvendig stopp.Siste stykke til Fosse går i småkupert terreng omlag langs t-stien, men ein tar litt meir høgde mot slutten og går under Johanneskleivi.
Krav til deltakarar:
God fysisk helse, form og gode skiferdigheiter. Bør vera stødig nedøve på forskjellige føre.
Utstyr:
Fjellski, kortfelle/langfelle, solkrem, solbrille, klede og nok mat/drikka då det blir ein lengre dag ute. Sekk med ekstra plass til fellesutstyr.
Turleiiar har med kokeapparat vis det blir behov for snøsmelting til drikkevatn.
Frammøte:
Holbergsplassen 0745 avreise 0800, rekne med vera tilbake til seinast 1700
Pris:
Samkøyring, betaling til sjåfør og administrasjonsgebyr (75 kroner))
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane verdt gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Merknad:
Denne turen har ein reservedag og kan bli flytta til laurdag 28 mars. Turen blir kun gått i godt fjellvër, minimum delvis skya vêr og god sikt. Underteikna har gjennomført turen tidligare i år, men har ikkje gått opp turen eller vore på Vikafjellet siste 2 helgene. Da kan bli endringa undervegs på turen eller at turen blir motsatt med Fossfjellet fyrst.
Turleiarar:
Øystein Røen, oysteinroen@gmail.com, tlf. 41088651