Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Mar 2026

Onsdagsgruppa går tur rundt Bildevatnet

Mer informasjon
Onsdagsgruppa går tur rundt Bildevatnet
IconSted
Øygarden
Icon Tid
Kl. 10.30 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Øygarden

Tur rundt Bildevatnet frå Nordre Ekrehovd.

Middels krevande fottur. 6,5 kilometer. 3,5 timar (4 t inkl kjøring)

Stor parkering på Nordre Ekrehovd.

Vi startar frå parkeringa og fylgjer asfaltvegen mot Pyttane. Der vegen flatar ut mot venstre etter ca 1 km, tar vi inn på sti mot høgre. Stien går slakt oppover og etter ca 400 m møter vi stien som går rundt Bildevatnet. Den fylgjer vi mot høgre over Skinntikkevarden og ned til demninga i nordre delen av Bildevatnet. På dette partiet er det ulendt og litt bratt enkelte stader, men vi støttar kvarandre og tar det roleg i desse partia. 

På vestsida av vatnet går stien i lett kupert terreng over mange kloppar. I søre enden av vatnet går vi opp ein bratt og kort stigning til stidele, og går ned igjen mot parkeringa. 

Gode sko er naudsynt, evt brodder ved frost. Følg med på værmelding. 

Velkommen på tur! Turledere Sissel Budal og Runa Schreuder Kjelstrup.

Vilkår for deltakelse på tur, les:

Vil du bli medlem, les:

Du kan lese meir om turen på Ut.no


Icon Oppmøtested