Velkommen med på tur!
Oppmøte på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.
På Fjell samler vi oss i mindre tal privatbilar og kjører så til parkering på Polleidet. Frå parkeringa her startar vi vår rundtur på natursti til Havutsikten, jettegrytene og Angeltveitsjøen. I stien er det ein del berg, men også våte parti, og det kan vera sleipt, glatt. Frå Angeltveitsjøen går vi eit stykke på asfalt før vi finn stien som fører oss tilbake til Polleidet. Det vert litt på asfalt også siste del før vi er tilbake til bilane.
Vi har matpause, så ta med mat og drikke. Sko og kle deg etter slik veret er. Det er viktig med sko som har god støtte, gode såler og som held vatn ute.
Turtid: 3,5 - 4 timar. Turens lengde er omlag 5 km. Fin utsikt frå varden ved Havutsikten. Til vanleg ein enkel tur men er det vått kan det bli litt tyngre å gå.
DNT sine vilkår for deltagelse på tur finn du her:
Vil du bli medlem? Les her: