Go Norsk Friluftsliv to main content
03. Aug 2026

Overnattingstur i Breheimen 3. - 7. august

Mer informasjon
Overnattingstur i Breheimen 3. - 7. august
IconSted
Skjåk
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Rundtur i Breheimen – frå seterlandskap til isbre

Breheimen er eit av dei mest storslåtte og urørte høgfjellsområda i Sør-Noreg. Her møter vi eit mektig landskap forma av is, vatn og tid – med vide dalar, grøne setervollar, blankskura fjell og store brear som ruvar i horisonten. På denne fellesturen går vi ein klassisk rundtur med start og mål på Sota Sæter, gjennom noko av det finaste Breheimen har å by på. Turen er krevjande, men svært givande, og passar for deltakarar med god fjellerfaring og lyst på lange dagar med sekk i variert høgfjellsterreng.


Dag 0: SOTA SÆTER

Felles middag på Sota Sæter klokka 19.00. Ferdaråd og bli kjent i peisestua. 


Dag 1: Sota Sæter – Sprongdalshytta

Frå Sota Sæter følgjer vi sti og kjerreveg gjennom lett skogsterreng og seterlandskap innover mot høgfjellet. Etter kvart opnar landskapet seg, og vi kjem inn i meir ope terreng med utsyn mot fjella som omkransar Surtbyttdalen. Stien går jamt oppover i kupert terreng, og dette er ein lang, men flott start på turen. Mot slutten av dagen når vi Sprongdalshytta, vakkert plassert i høgfjellet med vid utsikt mot Jostedalen og breane i vest.

  1. Overnatting: sjølvbetent hytte 

  2. Middag: felles frå matlageret.

  3. Distanse: 18,5 km

  4. Varighet 7 - 8 timar


Dag 2: Sprongdalshytta – Arentzbu

Denne etappen går vidare gjennom ope og lettkupert høgfjellsterreng. Vi vandrar mellom små vatn, bekkar og moreneryggar, med flott utsyn mot brear og spisse fjelltoppar. Dagen er noko kortare enn den første, og gir rom for å ta inn omgivnadene og nyte roen i dette ville fjellområdet. Arentzbu ligg lunt til i terrenget og er ei triveleg og intim hytte for kvelden.

  1. Overnatting: sjølvbetent hytte 

  2. Middag: felles frå matlageret.

  3. Distanse: 16 km

  4. Varighet 7 - 8 timar


Dag 3: Arentzbu – Nørdstedalseter

Frå Arentzbu held vi fram gjennom høgfjellet før terrenget gradvis fell ned mot Nørdstedalen. Vi passerer vatn og elver og får etter kvart eit frodigare preg på landskapet. Nedstigninga mot Nørdstedalseter er lang, men variert, og belønninga er stor når vi kjem fram til den betjente hytta inst i dalen, omgitt av bratte fjellsider og brear. Her ventar god mat og komfort etter fleire lange fjelldagar.

  1. Overnatting: sovesal betjent hytte 

  2. Middag: 3 retters 

  3. Distanse: 16 km

  4. Varighet 8 - 9 timar


Dag 4: Nørdstedalseter – Sota Sæter (over bre)

Siste dag er turens lengste og mest spektakulære. Vi går innover dalen før vi tek oss opp mot breen og kryssar isen på veg tilbake mot Sota Sæter. Brekryssinga gir ein heilt eigen dimensjon til turen og stiller krav til både utstyr, føre og kompetanse. Undervegs har vi storslått utsikt mot brelandskapet før vi etter kvart går ned att i seterlandskap og avsluttar rundturen der vi starta.Dette er ei verdig avslutning på ein minnerik tur gjennom Breheimen, der vi verkeleg får kjenne på høgfjellsnaturen og fellesskapen i fjellet. Vel framme i Tverrådalen, før siste nedstigning til Sota Sæter, blir vi møtt av festivaldeltakere frå Sota. Her blir det minikonsert med det lokale bandet Younko Skridu. 

  • Distanse: 24 km

  • Varighet 10-12 timar



_________________________________________________________________

Dato: 3. - 7. august                                                                

Lengde: Totalt 75 km fordelt på fire turdagar                                                                                

Nivå: Krevjande tur! 

Passer spesielt for: Ungdom (frå 18 år) og unge vaksne (ca 40 år) som er vant med å gå på tur med tung sekk. Du må ha erfaring med å gå i ulendt terreng og kunne bære alt du skal ha med deg til turen. 

Oppmøtestad: Sota Sæter i Skjåk                                                                                

Turområde: Breheimen

Påmeldingsfrist: før 1. juli 

                                                                                

Turleiar

Namn: Anita Haugen

E-post: anita.haugen@dnt.no

Telefon: 99712677


Pris: 

Inkludert i prisen: Lokalkjent guide, godkjent vinter- og sommerturleiar. Overnatting og mat på betjent og ubetjent hytte. Breføring og utstyr til å gå på bre. 


3. - 7. august

Ungdom - medlem DNT - 18 - 24 år: 1500 kr

Ungdom: 7200 kr


Vaksen - medlem DNT 25 år og oppover: 6000 kr

Vaksen: 7200 kr



På Sota Sæter er det festival 7. - 9. august.

Les meir og meld deg på her: SOTDUR


Icon Oppmøtested