Go Norsk Friluftsliv to main content
11. Apr 2026

Overnattingstur på Ripeneset i Rivedal

Mer informasjon
Overnattingstur på Ripeneset i Rivedal
IconSted
Holmedal
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Barnas turlag Askvoll ynskjer å invitere til overnattingstur i naturen!

Dette er ein lågterskeltur, der alle som vil kan vere med. For logistikken sin del ynskjer vi påmelding til oss seinast torsdag 9.april, via messenger eller sms til Jeanett (99129750).

Vi håpar de vil vere med, og har de aldri sove ute før, vil vi vere hjelpsame med både tips og triks, og opphenging av hengekøye eller å slå opp telt. Vi har mange utenetter bak oss, tilsaman i barnas turlag, og vi vil gjerne dele denne kunnskapen med akkurat deg 

Essensielle ting de treng å ta med:- Telt (eller hengekøye om de vil det)- Tjukk sovepose- Isolerande liggeunderlag- Mat (Brødmat, varm mat på termos, eller mat som kan varmast på primus eller bål)- Minst 1,5 liter med vatn.- Toalettpapir (og eventuelt pose eller spade til å ta med/grave ned)- Varme kle til kvelden- Ein vaksen 

BUA i Askvoll er open torsdag 9.april, frå 16:15 til 18:15. Der har dei det meste av det du treng.

Vi vil ta med gass og brennar/primus, og vi vil truleg tenne opp bål, om vêret tillet det. Det gir oss ganske mange moglegheiter innanfor matlagingsområdet. Tips til enkel og god turmat vil komme på arrangementet etter kvart!

Icon Oppmøtested