Go Norsk Friluftsliv to main content
20. juni 2026

Overnattingstur til Gaularfjellet med Barnas Turlag Leikanger

Mer informasjon
Overnattingstur til Gaularfjellet med Barnas Turlag Leikanger
IconSted
Sogndal
Icon Tid
Icon Arrangør
Sogndal Turlag
Icon Kontaktperson

Barnas Turlag inviterer til telttur til Flatheim på Gaularfjellet. Det vil bli tur langs den flotte Fossestien, kanopadling, fiske og grilling. Heilt sikkert moro for heile familien! Denne turen passar for alle!

Leirplassen, der me teltar, ligg kort avstand frå vegen. Her finst det gapahuk der me kan spise, grillplass og utedo. Om nokon treng meir "ergonomisk overnattingsløysing" enn telt, har Flatheim gjestesenger ein kan bestille.

Oppmøte på Hella innan kl 10.30 laurdag (ferje til Dragsvik kl 10.40).

Barnas Turlag ordnar felles middag til laurdagen. Meld ifrå til turleiar om du har allergiar eller andre ting me lyt ta omsyn til.

Me ber om at dei som er interesserte i å delta melder seg på på Facebook eller pr SMS til turleiar Bjørn Carlsen (930 52 452).

PÅMELDINGSFRIST: Torsdagskveld 18.juni.

Forslag til pakkeliste:

-Klær-

• Vind-/regnjakke og tur-/regnbukse

• Undertøy + ekstra skift

• Ulltrøye og evt. -stilongs til natta

• Sokkar i ull + fleire ekstra skift

• Fleecejakke, ullgensar eller tynn varmejakke

• Vaksne: Fjellstøvlar el. vanntette joggesko/tursko. Ungar: Vanntette joggesko (goretex), gummistøvlar eller begge delar• Shorts og t-skjorte• Ungar: Laurdagsgodt og drikkeflaske

-Utstyr-

• Dagsturryggsekk

• Varm sovepose

• Førstehjelpssaker

• Toalettsaker og handkle

• Toalettpapir

• Solbrillar og solkrem

• Dei som har: Myggmiddel

• Dei som har: Kart, kompass og kartmappe

• Dei som har: Primus/stormkjøkken + fyrstikker/lighter

• Lita hodelykt/lommelykt

• Vaksne: Termos og drikkeflaske

• Vaksne: Pengar/kort

• Liggjeunderlag

• Telt

• Dei som har: Redningsvest (for dei som manglar, Flatheim skal ha ekstra)

Hugs påmelding på Facebook eller til turleiar

Følg med på Facebook-sida til Barnas Turlag Leikanger for meir info og oppdateringar om turen


Icon Oppmøtested