Dette er en fantastisk flott padletur innover Verdsarven «Geirangerfjorden».
Dette er ein lang og krevjande tur på om lag 32 km, og deltakarar må vere trygge på at dei kan padle denne distansen under dei forholda som kan oppstå.
Oppmøte på Hellesylt kl. 09.30 ( Badestranda ). Klar å padle kl. 10.00.
( Vi ønskjer at du held av laurdag 2. mai også, dette i tilfelle betre vêrforhold denne dagen )
Frå Hellesylt går turen først til Syltavika, ein tur på om lag 10 km. Her går vi i land for ei lita pause og påfyll av energi. Frå Syltavika går turen vidare innover fjorden via fossen Friaren, der moglegheita for å verte våt i håret er stor. Vi padlar vidare til Skagehola og legge får oss kajakkene og går opp til Skageflå, her tek vi dagens hovudpause med god utsikt. Strekket frå Syltavika til Skagehola er på om lag 6 km. Turen frå Skagahola til Skageflå er om lag 1 km og 200 høgdemeter. Ta med ekstra sko for denne turen.
Etter velfortent pause oppe på Skageflå går vi tilbake til kajakkane og gjer oss klar til returen. Frå Skagehola padlar vi over fjorden og forbi Dei sju søstrene, her vert det mogleg å fylle drikkeflaska. Vi fortset utover fjorden under høge fjell og fossefall ( Brudesløret ) i trygg avstand. Etter om lag 9 km kjem vi til Matvika, her går vi i land for ei pause før vi forsett til Hellesylt. Det siste strekket er på om lag 6 km. Turen totalt er på om lag 32 km, så det vert om lag 6 timar med effektiv padling. Vi reknar med å vere tilbake til Hellesylt ca kl. 19.
Forutan kajakk og padleutstyr må du ha med ekstra kle, taueline, mat og drikke. Om du har reserve padleår, er det fint om du tek med dette også.
Deltakarane må ha minimum grunnkurs havkajakk for å kunne vere med på denne turen og det er krav om tørrtdrakt. Tørrdrakt kan lånast hos Skattkammeret, BUA, eller andre utlånssteder.
Kajakk kan lånast av DNT Sunnmøre, men ein må frakte den til Hellesylt og tilbake av deltakaren sjølv. Gi beskjed ved påmelding om du ynskjer å låne kajakk.

Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.