Go Norsk Friluftsliv to main content
16. Sep 2026

Rundt Elisberget

Mer informasjon
Rundt Elisberget
IconSted
Time
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.30
Icon Arrangør
Jæren turlag
Icon Kontaktperson

Turen starter ved Trollungane barnehage på Bryne og går i vid runde rundt Elisberget, på asfalt og grus. Elisberget, som er ein del av garden Auglend gdr.nr 10, ligg ca 50 moh og er rikt på forminner. I dag er det eit byggefelt her dominert av einebustader og karakteristiske tomannsbustader som var oppført av Bryne Boligbyggerlag ca1959 – 1962.

På vegen mot Svertingstad/Ree passerer me Bryneheimen. Turen fortset mot industriområdet på Håland og kjem til garden Auglend. Videre mot Bergene som og er ein del av same garden før me går mot byggefeltet Auglendsfeltet og gata Elisberget. Her er det informasjon om gravfunn frå området. Me går nedom Eivndsholtjødna før me ender ved bilane att.

Turen er ca 6 km, lettgått og varer ca 1,5 – 2 timer.

Oppmøte og parkering: Trollungane barnehage, adr Kjeldevgen 1, Bryne. Turstart: kl 1730

Turleiar: Solfrid Grødem, mobil 400 05 404

                Gry Veronica Line, mobil 418 59 877

Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 26 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Icon Oppmøtested