Go Norsk Friluftsliv to main content
31. May 2026

Søndagstur til Trollvasstinden, Dalsfjorden i Volda

Mer informasjon
Søndagstur til Trollvasstinden, Dalsfjorden i Volda
IconSted
Volda
Icon Tid
Kl. 10.00 - 17.00
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre

DNT Sunnmøre arrangerar søndagsturar rundt om på Sunnmøre på sommerhalvåret. Vert med på tur du òg!

Om fjellet 
Trollvasstinden er 1285 moh er en heftig, men spennende tur i Dalsfjorden i Volda. Fjellet har ein primærfaktor på 1002 meter som er blant dei 100 største i Skandinavia. 

Turbeskriving
På austsida av Dalsfjorden ligg mektige fjelltoppar kring Dalsdalen. Denne gongen går turen til Trollvasstinden.  Ved Lissjebøvatnet finn me god parkeringsplass, og utgangspunktet for turen.
Me går i jevnt tempo med korte pauser underveis (ved behov).
Turen er rangert som middels krevande.

Ruteskildring 
Start frå p-plass ved Lissjebøvatnet og gå rett sør forbi ein særs markert morenerygg og opp på Geitemjølkegga. Følg egga vidare til topps. 
Turen startar i flatt terreng på sti i lyng, og går så bratt oppetter sida mot Geitemjølkegga. Det går over i meir stein og ur innover egga og med jamn stigning. Siste strekket mot toppen vert litt brattare. Det er luftig på toppen om ein går heilt utpå varden. 
Returen går i same ruta. 
Høgdeskilnad 650 – 1285 m.
Turen er ca. 7,5 km.

Tidsbruk 
Det er anteke 4-5 timar t/r i gangtid.  Inkl. pausar ca. 5-6 timar.

Tilkomst og parkering
Frå E 39 på Folkestad er det skilta mot Lauvstad (fv. 40). Køyr 12 km. til Dale, og ta av opp gjennom bygda. Køyr ca.1,5 km til skiltet Fjellvegen, som fører opp til Lisjebøvatnet (inga bomavgift).

Oppmøte:  
Kl.10 på Folkestad ferjekai for felles-/samkjøring.
Ferja går frå Volda ferjekai kl. 09.50 (på Folkestad kl.10.05).
Herifrå er det ca. 25-30 minutt å køyre til parkeringa ved Lissjebøvatnet
Gje beskjed om de treng skyss.
Gje beskjed dersom de ynskjer å møte ved Lissjebøvatnet direkte.  Antek turstart ca. kl. 10.45 - 11.

Me oppfordrar til samkjøring. Deltakarne må sjølv bidra å koordinere dette. 
Fordeling av kostnad ved samkjøring: Me oppfordrer til at kvar av deltakarne betaler sjåføren i henhold til følgande reknestykke: antall km x 3 kr + eventuelle bompengar, parkering og andre utgifter, fordelt på totalt antal personar i bilen.

Pris: Turen er gratis for medlemmar, og 100 kr for ikkje-medlem. Vi oppfordrar alle til å melde seg inn i DNT.

Ta med: Ta med drikke, mat, kjeks/frukt. Passende klær og sko etter vær og forhold. Ta med sitteunderlag og ekstra klær til pauser eller hvis været skulle endre seg.
Det er ikkje høve å fylle vatn undervegs på fjellet, så ta med drikke til heile turen.

Påmelding: Meld deg på her slik at vi veit kven som kjem. Gje beskjed til turleiar direkte ved fråfall.
Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål om turen.

Turleiar: Stig Helland, Mob.nr. 911 11595, Elin Ostnes

Generelt om turane: Turane har variabel lengde og vanskegrad. Tempo på turane varierar fra tur til tur, les meir under turbeskrivinga og vurder deretter om dette er ein tur som passer for deg. Turen kan verte endra eller avlyst dersom været/forholda vert for dårlege. Tidsbruken er eit estimat og kan endre seg avhengig av forhold, gruppa sitt tempo og liknande, og vi ber om forståing dersom den aktuelle tidsbruken avviker frå estimatet oppgjeve i turbeskrivinga.

Gradering av turar som enkel, middels eller krevjande er teke ut fra objektive forhold som lengde, brattheit og antall høgdemeter. Her kan du lese meir om det. Les turbeskrivinga nøye og set deg inn i graderinga/nivået på førehand.  

Vilkår for deltaking på fellesturar: Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lese og aksepterer vilkåra som er beskrive i våre generelle vilkår. 

Bli med som turleiar: Me søkjer alltid fleire turleiarar. Kanskje du kan være aktuell turleiar? Eller kjenner du nokon som det kan passe for? Meld deg frivillig via nettsida vår eller ta kontakt med Lasse - lasse.hoel@dnt.no.


Medlemmer i DNT støtter si lokale foreining i drift av hytter, ruter og aktivitater for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Noreg, på aktivitetar og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 4 gonger i året og en rekkje andre medlemsfordelar. Les meir om medlemskapet på dnt.no.

Icon Oppmøtested