Go Norsk Friluftsliv to main content
17. Apr 2026

Samling barne- og ungdomsansvarlege 2026

Mer informasjon
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
NJFF Sogn og Fjordane

NJFF Sogn og Fjordane inviterer 2 frå kvart lokallag til å delta på samling for dei som er ansvarlege for laget sitt barne- og ungdomsarbeid. Lokallaget kan melde på fleire, men må då betale full pris for nummer 3 og fleire. Ta kontakt om de vil melde på fleire.

 

Vi håpar dette vil bli ei flott inspirasjonssamling og ein god møtearena for dei som driv med barne- og ungdomsarbeid i lokallaga i Sogn og Fjordane! 

Program

Fredag 17.04 

Kl.18.00 Oppmøte og utdeling av rom. 

Kl.19.00 Mat og drikke. Inspirasjon og smaksoppleving med lokale råvarar. 

Kl. 21.00 Sosial mingling. 

 

Laurdag 18.04

Kl. 08.00-09.00 Felles frukost 
Kl. 09.00-11.30 Fellessamling på møterom.
                     
Tema for gjennomgang: Aktiviteter for barn og unge rundt om i lokallaga. Til felles informasjon og inspirasjon.

- Kva har fungert godt og ført til faste tradisjonar i lokallaga?

- Er aktivitetsnivået tilpassa dagens samfunn? Kva ønsker vi meir eller mindre av?

- Kva kunnskapsnivå/erfaring har barn og unge om natur, fiske og fangst idag? Tilstrekkeleg eller manglande? Kva er årsak og konsekvens? 

- Fordelar med tettare samarbeid og dialog mellom lokallag. 

 

Kl. 11.30-12.00 Felles lunsj

Kl. 12.00 Heimreise

 

Foto: Jan Bjarte Skrøppa. Fjelltur i Nordfjord. 

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Icon Oppmøtested