Seniorturen onsdag 6.august går til Blådalshytta ved Grønaviksvatnet (Svartavatnet på kartet) nordom Blådalsvatnet. Sist gong seniorgruppa hadde tur dit, var 17.08.2016, nokre dagar før den offisielle opninga av hytta. Det er på tide med ein ny tur på desse traktene.
Det er frammøte kl 09.00 ved Landa bru i vegdelet til Matre øvst i Omvikdalen der vi organiserar litt samkøyring vidare. Den 25 km lange bilturen til vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV er ei oppleving i seg sjølv. Vegen har fast dekke og er godt sikra.
Fotturen går i variert fjellterreng langs nordsida av Blådalsvatnet. Vi reknar med å bruka 4 timar tur/retur i roleg tempo med høvelege pausar. Ta gjerne med eit par ekstra labber dersom vi lyt vassa nokre steg over den grunne elva i Blådalsbotnen.
Etter matpause ved hytta returnerar vi samme veg som vi kom.
HUSK: Det er lurt å ha gode fjellsko på denne turen!
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt.
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.