Hovden Fjellstoge er målet for seniorgruppa sin hyttetur i 2026. Vi har tidlegare vore i dette området, det var i 2021.
Frå Rosendal til Hovden er det 166 km via Folgefonntunellen og frå Skånevik ferjekai er det 158 km.
På Hovden vert vi innkvarterte i dobbeltrom med oppreidde senger. Opplysningar om turavgift og kva den dekkar, finn du nedanfor.
Hovden Fjellstoge ligg 850 moh ca 2 km før ein kjem til Hovden sentrum. Næraste "nabo" er elva Otra og Vidmyr naturreservat, og plassen er eit bra utgangspunkt for mange fine turar.
Under opphaldet blir det dagsturar i nærområdet av enkel/middels karakter. Vi vil ikkje leggja ut noko detaljert omtale av desse turane på førehand, turleiarane vel det alternativet som passar best for veret den aktuelle dagen. Sidan frammøte er sett til kl. 13:00, er planen å gå ein kortare tur denne dagen før vi seinare går til duk og dekka bord.
I Hovden sentrum finn ein også eit badeland der ein kan ta seg ein sømjetur, Hovden Fjellbad.
På linkane nedanfor finn du meir info om fjellstova og turområdet:
* Hovden Fjellstoge si heimeside: Hovden Fjellstoge
* UT.no --> Turforslag rundt Hovden
Antal turdeltakarar er avgrensa til 30 personar inkl. turleiarane.
Info om DNT sine generelle vilkår finn du her: Vilkår for deltaking på turar og aktivitetar. Der kan du også lesa kva som gjeld dersom du seinare må melda deg av turen.
Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊