Me parkerer bilane på Utåker ferjekai og tar ferja til Skånevik kl. 08.15. Det blir ein halv time å venta der til bussen som går til Håland kl. 09.05.
På Håland (327 moh) startar turen på sti opp til Håfjell (937 moh). Fyrste del av turen er noko blaut og myrete før stigning til Nesestølen. Deretter for det meste tørr og fin sti.
Etter 5 km er me på toppen av Håfjell, høgaste punktet på fjellryggen mellom Etne/Stordalen og Skånevik /Åkrafjorden. Her har du utsyn mot Etne, Skånevik, Stord, Sunnhordlandsbassenget og innover mot Åkrafjorden og Folgefonna lengst bak. Frå Håfjell er det ca 4 km fin og lettgått nedstigning til dei gamle hustuftene på Valdra. Siste 2.3 km går på grus og litt asfaltert veg ned til Skånevik sentrum. Her håpar vi å nå ferja kl 17.15, men det går også ei kl. 18.15. Begge går direkte til Utåker..
HUSK: Fjellsko, det er nokre våte parti og lang tur!
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.