Frammøte på Årsnes ferjekai kl. 8.15 (ferje til Gjermundshamn går kl.8.30). Eventuell samkøyring innover kan sonderast på ferjekaien.
Frå Gjermundshamn køyrer vi i retning Norheimsund. Etter å ha passert kyrkja i Vikøy køyrer vi knappe 2 km og tek av til venstre (180 graders sving) opp Tveitevegen som ser slik ut:
På Tveit er det bomveg vidare, kr. 75 pr bil (pris 2025). Vegen er bratt, og firehjulstrekk er å føretrekkja. Me parkerer nær vegs ende ved Solhaug (410 moh) der vandringa startar.
Vi går på sti og gamal anleggsveg, med jamn stigning mot Krokavatnet. Her vert det ein kort (mat) pause.
Etter pausen går me vidare på lettrødd, lett kupert sti på søraustsida ovom Krokavatnet til stølen Aksneshella. På stølsvollen roar me ned med lunsjpause (30 min).
Retur kan gå opp mot Slåttenuten (Skyrausa) 738 moh, eventuelt eit nivå lengre ned, på god sti forbi og innover Myrtjørnane til «Masta». Herifrå går me ned noko brattare sti til Gamlestølen og vidare ned bratta til bilane att.
HUSK: Gode sko !
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.