Oppmøte er på Strandkaien i Bergen kl. 08.30.
Det går båt frå Rosendal kl. 06.50 – er i Bergen 08.35
og båt frå Sunde kl. 05.40 – er i Bergen 08.00
Vi går opp til Galleriet shoppingsenter og tek buss nr.19 til Melkeplassen, Laksevåg. Der går vi opp mellom husa, opp nokre trapper, og finn starten på Løvstien. Denne går rundt «foten» av fjellet Løvstakken, og er 6,4 km lang.
Løvstien er for det meste på grusveg, og gode joggesko passar fint.
Det er fleire rasteplassar på vegen, men finaste plassen er ca. midtvegs, på den nye spektakulære gangbroen som er 384 meter lang. Den er bygd over eit veldig bratt terreng, og her kan ein nyta synet med Ulriken rett imot, og byen under.
Då denne brua kom, blei fleire stiar ved Løvstakken bunde saman til ein samanhengande sti, og blir no flittig brukt av bergensarar i alle aldrar, og turistar.
På enden av turen går vi ned til gamle Fjøsanger hovedgård. Der kan vi sjå ei utstilling av Magne Furuholmen (festspelutstilling).Vi har fått opplyst at det er gratis inngong på galleriet.
Frå Fjøsanger tek vi buss tilbake til sentrum (buss nr. 5 går direkte til busstasjonen).
Vi har reservert for gruppe på Restaurant Egon i den gamle Kjøttbasaren, og dei som ynskjer det møter der ca. kl. 14.00–14.30.
Vi sett ei grense for deltakartalet på 30, det er "først til mølla"-prinsippet.
Båten tilbake til Sunde går kl.16.10 og til Rosendal kl. 16.30.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.