Go Norsk Friluftsliv to main content
22. Apr 2026

Seniortur - Postvegen mot Åkra

Mer informasjon
Seniortur - Postvegen mot Åkra
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Det blir frammøte ved ungdomshuset Dalheim i Omvikdalen kl. 09.00 for namneopprop og fordeling i bilar. 
Vi køyrer samla til Svelland (ca 28 km) for parkering, der tek sjølve gåturen til. 
For å organisera returen køyrer vi nokre bilar til Åkra slik at bilførar får transport tilbake til Svelland for å henta bilane etter turen. Avstand mellom Svelland og Åkra er ca 11 km.

Vi går postvegen / bygdevegen mot Åkra. Det er både oppoverbakkar og nedoverbakkar på turen som for det meste går i terreng. Men vi skal også gå på grusveg og gode, og mindre gode stiar.  Det er og ein del blaute parti, så fjellsko er nødvendig.

Vi kjem framom gardane Haugstøl, Løkjene, Fatland, Hillesdal og Brekke før vi kjem til sjølve Åkra. Ved Haugstøl kan det verta servering av noko å bita i.

Dersom nokon synes det vert for langt å gå heile turen, er det muleg å gå ned til hovudvegen fleire stader. 

Dei som kan lesa Grenda digitalt, kan finna omtale om heile turen Sunde i Matre–Åkra i Grenda 24.04.2019.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr. SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 09.00. ved ungdomshuset Dalheim
  • Turkarakter: MIDDELS / KREVJANDE (Krevjande pga. turlengda)
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Helga Fossheim (918 50 257) og Arnt Orholm (970 29 515)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           11 km 
    • * Høgdeskilnad:  Starthøgde 281 moh. høgste høgde 398 moh, slutthøgde 27 moh.
    • * Tidsbruk:           Ca. 7 timar inkl. pausar (Tur/retur Dalheim)
Icon Oppmøtested