Fjellskitur til Gottoppshesten 1494 og Sunnfjordbjørnen 1615 er ein lang, krevjande dagstur. Det er ikkje umogleg å nytte toppturski, men det er ein del opp og ned mellom toppane.
Frå utsikten på Gaularfjellet bevegar vi oss mot Vardeggi, herifrå held ein nordaustleg retning mot høgda 1406, deretter høgda 1356. Vi må då runde (ved eit hylleplatå) for å kome opp på Gottoppshesten. For å gå vidare mot Sunnfjordbjørnen held vi ryggen som ligg mellom Norddalsvatnet og Skaddalsvatnet i nordaustleg retning. Siste stykket er relativt flatt.
Ruta er totalt 22 km lang, og kjem opp i kring 1900 høgdemeter stigning. Vi brukar truleg 9-10 timar på turen inkl gode pausar. Skjermbilete visar ca ruteval, men vi må tilpasse vêr og føre. Turen går berre i godt vêr.
Avstanden mellom Gottoppshesten og Sunnfjordbjørnen er 4,2 km kvar veg. Turen er elles skildra i boka toppturar i Sunnfjord s.276 - 279, men vi startar frå parkeringa ved utsikten.
Oppmøte:
Kl.9.00 ved utsikten på Gaularfjellet, ev samkøyring frå Festplassen i Førde 07.40
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
#helgetur