Go Norsk Friluftsliv to main content
23. Aug 2026

Sundagstur: Kalvsnesnosi

Mer informasjon
Sundagstur: Kalvsnesnosi
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 06.00 - 20.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

På turen til Kalvsnesnosi får du ei fantastisk utsikt over verdsarvområdet. Turen er krevande og er du van til å ferdast i fjellet er dette en tur som er verdt å bli med på. 

Gradering / vanskelegheitsgrad: 

Ekspert/ Ekstra krevjande (Svart)

30 km, 927 høgdemeter, total tidsbruk: 10 - 12 timar. 

Turomtale:

Turen blir enten som beskrive eller så blir da ein rundtur med start på Aurlandsfjellet og frå Kalvesnosi går ein til Handklefjellet og ned til Skjerdal. Den er 1 km lengre, men har 732 h.m opp og 1884 h.m ned.  

Kalvsnesnosi er ei skjult perla ved Aurlandsfjorden med spektakulær utsikt utover Nærøyfjorden. 

Turen startar på Aurlandsfjellet ved Flotvatnet. Dei fyrste to kilometerane går me oppover ein grusveg med 163 høgdemeter stigning. Turen går vidare på ein traktorveg (som er eit resultat av kraftutbygging). Deretter går me i flott landskap langs Soleibakkvotni til Erterhaugvatnet i lettgått terreng. No går turen nedover til Kolarbotn, før me tar fatt på stigninga til toppen. Dei siste 2 kilometerane til toppen blir meir krevjande og går i steinete fjellterreng.

På toppen står me midt i verdsarvområdet og kan nyta spektakulær utsikt. På vegen tilbake går me omlag 4 kilometer sør/øst langs ryggen før me går ned til Kolarbotn. Frå Kolarbotn blir det mest oppoverbakkar (totalt 10 kilometer til Flotvatnet). 

Turen er dryg og lang, men den har relativt få høgdemeter i forhold til kilometer. Terrenget er i utgangspunket lettgått, 927 høgdemeter på 30 km. Dette betyr at det blir veldig mange timar på beina. Det blir to til tre matpauser på turen, så det er viktig å ta med nok mat. Ta heller med for mykje mat enn for lite. Vossamarsjen øve  Gråsida er 10 km lengre og har mindre høgdemeter. Så vis ein klara den fint, så klare ein denna turen.

Krav til deltakarar:

God fysisk form, kan gå fjelltura i eit litt høgre tempo 3 - 4 km/t, tåla lange daga på beina med oppakning, godt fjellvant.

Utstyr:

Regntøy (jakke og bukse) 

Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport) 

Undertøy i ull/ ullblanding + ekstra skift 

Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift 

Ullgenser/jakke eller tynn dunjakke 

Ekstra lue 

Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte 

Fjellstøvler og gjerne gamasjer 

Shorts og t-skjorte (ull/kunstfiber) hvis det er meldt varmt vær

Mat og drikke

Solbriller og solkrem

God ryggsekk 

Førstehjelpssaker (med gnagsårplaster og sportstape)

Sekk med ekstra plass til felles utstyr

Frammøte:

Holbergsplass kl. 06:00. 

Transport:

Samkøyring i privatbilar. 

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko sombetyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiellguiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samtå ta med andre på gode opplevingar ute.

Pris: 

Samkøyring: Medlem: 75 kr (administrasjonsavgift)

Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsavgift)

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, kr 340 kr. 

Merknad:

Startpunkt kan kanskje bli endra, laurdag blir reservedag. 

Turleiarar: 

Øystein Røen, oysteinroen@gmail.com, 41 08 86 51

Icon Oppmøtested