Avreise frå Os Næringspark kl. 09. Ferje til Våge kl. 09:15
Middels krevjande fottur.
Med fantastisk utsikt i alle retningar er Tysnessåta, 753moh vel verd turen. Det er bratt oppover Buskaret og Gråuro, men dei over 1000 trappetrinna laga av sherpaer, gjer turen enklare. Under vegs er det og laga fine kvilebenkar i stein. Etter Gråuro er ein nesten oppe, terrenget flatar ut og enklare å gå til topps. Anbefaler tursko med ankelstøtte.