Vi møtest ved Bjørnafjorden bibliotek i Holtbrekka 7 kl 10.
Kjører så til parkeringsplassen på Tøsdal.
Dei første 300 meter går på grusa sti frå parkeringsplassen. Deretter opp Stemmedalen, på venstre side av Tøsdalselva. Os Turlag har lagt til rette for turgåarar, men dette er eit terreng som krev gode sko. Inst i Stemmedalen til venstre og bratt sti opp til Møsnuken.Det er fantastisk utsikt i alle retninger frå toppen. Tilbake går vi fjellryggen mot Linken , og så ned til Gryteskaret og tilbake til parkeringsplassen.
Vi vil få registrert poeng på Bjørnafjordtrimmen.