Etter eit par års opphald er rundturen over Grovabreen igjen tilbake på turprogrammet vår. Skjærtorsdag tek vi turen opp frå Dvergsdalsdalen, via Salseggja og vidare opp på sjølve breen, før vi følgjer Fagredalen ned att. Ruta byr på storslått utsikt over Jølster og kringliggjande fjellområde. Ved fare for skred går vi same veg ned som vi går opp.
Turen startar på om lag 500 moh., og høgaste punkt er rundt 1600 moh. Totalt brukar dei fleste mellom 5 og 7 timar på heile rundturen. Mange føretrekk randoné-ski, men vanlege fjellski fungerer òg fint dersom ein er van med dei. Terrenget er ikkje spesielt krevjande, men turen har ein del høgdemeter, så ein bør vere i grei form og vand med å gå på ski.
Sikkerheit:
Deltakarar skal ha med skredutstyr (sender/mottakar, spade og søkestang) og kunne bruke dette. Vi oppmodar alle til å friske opp kunnskapen sin i snøskredskolen om ein er usikker.
Oppmøte:
Felleskøyring frå parkeringa ved Festplassen i Førde kl. 08.00
Oppmøte på parkeringa i Dvergsdalsdalen kl. 09.00
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
#helgetur