Go Norsk Friluftsliv to main content
01. May 2026

Topptur til Vardeggi på Gaularfjellet

Mer informasjon
Topptur til Vardeggi på Gaularfjellet
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 07.30 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Bre- og fjellsportgruppa i Indre Sunnfjord Turlag inviterar til topptur på Vardeggi 1.mai.
Oppmøte ved Festplassen kl.07:30 for samkøyring, eventuelt ved Utsikten Gaularfjellet kl.9:00.
Gradering: middels - krevjande
3,9 km kvar veg.
703 -1406 moh.
Langs heile Vardeggi har du flott utsikt over eit alpint landskap rundt Vetlefjorden og den flotte svingete Gaularfjellvegen opp frå dalbotnen.

Vi legg opp til ein sosial tur og tilpassar tempo etter deltakarane, dette vert ein flott tur i vårsnøen.
Krav til deltakar: Skredutstyr. Hugs mat og drikke. Sjå her for ei generell pakkeliste for topptur!
Med forbehald om avlysing eller forskyving dersom vêrforholda tilseier det.

IST sine retningslinjer for samkøyring: Ved samkøyring på kortare turar, betalar passasjer direkte til sjåfør. Kr 50 for turar inntil 40 km ein veg; kr 70 – 100 for lengre turar. 

Tilkomst/Parkering;  Vi kjem truleg til å køyre via Viksdalen og parkere ved Utsikten på Gaularfjellet. 

#helgetur

Icon Oppmøtested